Real Ones // Samvirket
Endeleg kjem Real Ones tilbake til Dale!
Lørdag 7. november vert det konsert på Samvirket.
Folkrocklegendene Real Ones ga hausten 2025 ut sitt 14. album (!) – etterfølgd av ein 20-konsertar sin Noregsturné. I 2026 held turnéen fram til nye stader i landet, mellom anna Dale.
Real Ones består av fem barndomsvenner frå Bergen. Dei er kjende som eit fantastisk liveband og som eit av Norges mest originale band med si blanding av alternativ rock og folkemusikk – inspirert frå heile verda. Dei har halde på i 32 år, heilt sidan dei var 14 år gamle. Resultatet så langt er 14 album, 4 EP-ar, 2 Spellemannprisar, og over 1000 konsertar i 15 land på 3 kontinent.
Overalt dei spelar, etterlet dei seg dedikerte og smilande fans: Frå Svalbard til Yukon, til Shanghai, til Calcutta, til Havanna, til New York – og no igjen: Dale!
«Real Ones har lenge vært Norges isærklasse beste liveband. Kanskje er deNorges beste band, punktum.»
–Sven Ove Bakke, Dagbladet
Real Ones er:
David Chelsom Vogt – fiolin, vokal, keyboard
Ivar Chelsom Vogt – gitar, vokal, dulcimer
Jørgen Sandvik – gitar, vokal, charango
Øystein Skjælaaen – bass, kor
Kåre Opheim – trommer, perkusjon, kor
Konsert 7. november – Samvirket i Dale!
Restriktioner
18 års aldersgrense
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte