Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Baren opnar kl. 21:00 og held ope til 02:00.
Bandet går på scena kl. 22:00.
Dj a1f frå kl.23:00
NEWBIRD er eit indierockband frå Askvoll og Fjaler. Dei skriv energiske songar om kjærleik, sinne og tida som går — alltid med ein solid dose humor. Lydbiletet deira kombinerer klassiske rockeinspirasjonar frå 60- og 70-talet med indie-revivalen frå tidleg 2000-tal.
På Samvirket kan du vente tunge trommegroover, brølende orgel, ville gitarsoloar, tighte basslinjer og den særprega vokalmiksen til dei to frontfigurane. Etter fire singelslepp — nokre av dei spelte på NRK-radio — vil NEWBIRD presentere heilt nytt materiale frå det komande albumet sitt. Det vil garantert få deg til å danse og rocke ein siste gong før det nye året tek til! Høyr musikken deira her: https://tinyurl.com/3re34my6
Medlemmar:
Vokal: Alice Hestad Vie
Vokal + gitar: Håvard Yndestad
Leadgitar: Kai Gero Lenke
Orgel: Lise Marie Bakkebø
Bass: Pernille Rivedal Hellevik
Trommer: Jan Steffen Helle