page view image

Romjulskonsert - NEWBIRD + Dj a1f

Velkomen til det store romjulskalaset på Samvirket scene!

I år speler det lokale indierockbandet NEWBIRD, og etterpå held festen fram med svært dansbar musikk frå DJ a1f!

Informasjon
event image

Baren opnar kl. 21:00 og held ope til 02:00.
Bandet går på scena kl. 22:00.
Dj a1f frå kl.23:00

NEWBIRD er eit indierockband frå Askvoll og Fjaler. Dei skriv energiske songar om kjærleik, sinne og tida som går — alltid med ein solid dose humor. Lydbiletet deira kombinerer klassiske rockeinspirasjonar frå 60- og 70-talet med indie-revivalen frå tidleg 2000-tal.

På Samvirket kan du vente tunge trommegroover, brølende orgel, ville gitarsoloar, tighte basslinjer og den særprega vokalmiksen til dei to frontfigurane. Etter fire singelslepp — nokre av dei spelte på NRK-radio — vil NEWBIRD presentere heilt nytt materiale frå det komande albumet sitt. Det vil garantert få deg til å danse og rocke ein siste gong før det nye året tek til! Høyr musikken deira her: https://tinyurl.com/3re34my6

Medlemmar:
Vokal: Alice Hestad Vie
Vokal + gitar: Håvard Yndestad
Leadgitar: Kai Gero Lenke
Orgel: Lise Marie Bakkebø
Bass: Pernille Rivedal Hellevik
Trommer: Jan Steffen Helle

Restriksjoner

18 års aldersgrense.