page view image

KONSERT: Sigrid Felde

Sigrid Felde inviterer til platesleppkonsert på Samvirket i Dale!

Informasjon
event image

For første gong blir debutalbumet framført i sin heilskap – live med fullt band.

Albumet krinsar rundt kjensler knytte til relasjonar, forventningar og kjærleik. Med sterke melodiar, nære tekstar og ei uttrykksfull stemme byr Sigrid på eit popunivers som rommar både sårbarheit og kraft.

Denne kvelden får publikum oppleve låtane slik dei er meint å kjennast – levande og tett på.

KONSERTSTART: 21:30

BAR FRÅ: 20:00

Med seg på scena har ho:
🥁 Mats W. Systaddal – slagverk/keys
🎸 John Trygve M. Evensen – bass
🎸 Øyvind Dybvik – gitarar
🎹 Kåre Sandvik – keys

🎤 Ragnhild Felde – korist
🎤 Marie Felde – korist

Dette blir ein kveld for både nye og gamle lyttarar – ei feiring av musikken, tekstane og fellesskapen rundt eit heilt nytt album.

Før og etter konserten blir det god stemning i foajeen på Samvirket 💫

Restriksjoner

De under 18 år må være i følge med edru vaksen over 25 år.