Konsert med Vilnes
Kritikerroste Vilnes byr på ein kraftpakke av ei konsertoppleving med låtar som blander, country soul, indiepop og americana – med formidlingsevne og musikalitet i toppklasse.
Bar frå 18:30, konsertstart 19:30. Arrangementet har 18-års aldersgrense.
Bandet slapp debutplata Outsider i 2025. Alle tre singler før albumsleppet blei radiolista, og låta Outlaw blei plukka ut til Spotify si speleliste "en god dose country".
Etter ein utseld releasekonsert har Vilnes vore aktuell med haustturné i aust og vest, og høsta mykje ros på Øya-tirsdag under Øyafestivalen. No har bandet, som også er tidlegare vinner av Luttprisen, varma godt opp for å levere sakene på heimebane.
Frontfigur Eivind Vilnes frå Atløy har tidlegare vore omtalt som eit «indiepop-geni» (Nordic Music Review) og ein artist «av internasjonalt kaliber», løfta fram som ein vokalist med «imponerende røst og glimrende formidlingsevne» (BT).
Med seg har han eit drivande dyktig band som har høsta mykje ros for sine liveopptredener, som blant anna inkluderer Bergenfest, Klubbøya og Malakoff.
Bandet:
Eivind Vilnes (låtskriver og vokalist) Ella Helen Bukkøy (fiolin/vokal), Erik Rolland (gitar), Felix N Rudi (trommer), Andreas Naustdal (bass), Lauritz Isaksen (tangenter)
Bar frå kl.18:30, konsertstart kl.19:30.
Restriksjoner
Åpent for de under 18 år men da følge med edru voksen.