1991 // Samvirket
Etter albumsleppet sitt 24. april kjem 1991 heim – og feirar med konsert på Samvirket fredag 15. mai!
Med rykande ferskt album kjem 1991 "heim" for å spele konsert og dele sine nye låtar live med oss på Samvirket den 15. mai – årets beste inneklemte fredag.
Største delen av bandet kjem frå Sunnfjord-området, og no returnerer dei etter platesleppet sitt 24. april med sjølvtitulert debutalbum på Apollon Records – produsert av Odd Martin Skålnes (Aurora, Sigrid, Sløtface). Det lovar godt.
Bandet har tydlege preg frå bergensrocken og mykje av musikken vi alle vaks opp med. Dei beveger seg trygt i landskapet mellom poprock, alt-rock og grunge, med vrengte gitarar, melodiøse vokalliner og ærlige, melankolske tekstar som gir assosiasjonar til giganter som Oasis, Smashing Pumpkins, Weezer og DumDum Boys – men framleis med eit heilt eige lydbilde.Luttprisnominerte 1991 har på kort tid fått låtar i rotasjon på P3 og P13, fått skryt av Urørt, og delt scene med Kakkmaddafakka, Daniel Kvammen og Valentourettes. Kaizers Orchestra gav dei til og med ein eigen shoutout under Bandboost i 2025.
Dette blir ein konsert å hugse – velkommen heim, 1991!
Restrictions
18 års aldersgrense
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte